31. januar 2007

Syden?

Har berre eit par ting å seie om dette. Nei takk er den fyrste, kvifor? Det kan eg lett forklare.
- Det er ei dyr reise, eg har ikkje nok pengar til å reise lenger enn til ålesund!
- Eg ventar heller på sola her i Noreg av mange grunnar, folk er hyggeligare, jentene er penare og heime er nærmare!
- Tid? Nei, det har eg fint lite av desverre!

Ellers, syden hadde jo vore kult det hadde eg berre fått det til. Nokon som vil vere med å spandere turen på meg? I så fall kjem eg straks!

Sjallabais

Siste dag i Januar 07

No har ein heil måned gått i verda, og mange tenker tilbake på desse 31 dagane med eit smil, det gjer i alle fall eg. Mykje bra har skjedd, og lært mykje, MEN denne dagen har ein negativ efffekt på alle studentar, ja di las rett, studentar i Noreg.

Kvifor? Jau, for no har det gått 31 dagar i det nye semesteret, og det er enda mykje å lese, lære og få med seg. Har eg klart dette? Desverre må eg meddele at det er alt for mykje eg ikkje har gjort, øvd på piano, lest pensum og lært nye ting. Rart ein angrar så mykje på dette på slutten av måneden, men ikkje tenker på det på starten av måneden.

Men no skal eg starte eit nytt prosjekt. Eg skal kvar dag, eller annankvar skal eg halde dagbok her og fortelle kva nyttigt eg har gjort. Kvifor? Fordi då kan andre lese kva eg har gjort, og presset på meg blir litt større!

Takk for no, Lesast!

30. januar 2007

Nacho's på Rokken

Berre eit lite tips til alle matelskarar der ute, prøv gratinerte nacho's på Studenthuset Rokken. Vanvittigt godt!

Travel dag!

No har eg hatt ein travel dag av dei sjeldne. Eg har vore på skule mellom 8:15 til 14:15 med fulle forelesningar, og trykt inn ein del småting mellom der. Eg har skrive sakspapir i over ein time, og no ikveld skal eg på tre møter, STiV og Rokken, frå 16:00 til utpå kvelden ein gong. When does the madness stop?!

Ellers kan eg medele at dykk bør lytte til studentradioen ikveld, så kanskje dykk oppdagar noko artigt i kjerringprat!

Alt for lite søvn?

Klokka er no alt for mykje, å som så mange andre netter får eg ikkje sove. Legg meg ned, men ej sovna aldri! Nokon som har eit godt råd? Eg treng det virkeli!

Andre nyheiter, eg har no ei oppfordring til alle i Volda. Engasjer dykk i skulekvardagen dykkar, korleis ting blir gjort og korleis førelesarar legg opp undervisninga si. Slik kan skulekvardagen din verte betre, og studiane lettare. Kontakt STiV så skal nok alt verte ordna snarast!

Og til nerdenytt for dei som veit noko om dette. Eg har enda imperial guard hæren i WH40K, men har no starta på ein ny styrke, mechanised tau. Kan verte spennande å sjå korleis det går! Nokon som spelar i Volda forresten?

Kunne sagt god natt, men som nevnt, eg får ikkje sove!

26. januar 2007

Nytt semester!

No e det nok en gong et nytt skuleår, og det har skjedd ein del sida sist eg skreiv noke. Skal prøve å oppdatere alt her inne mest muli, og få fortalt alt etterkvart!

Ellers kan ej meddele at det he blitt en ny ledar i studentsamfunnet i Volda, ganske skummelt, ja, dykk gjetta rett, det er meg!

No må eg springe på øving, so me får sjå kva tid eg oppdatera enda meir!