6. februar 2007

Longe dag, kva skal ein gjere?

Når dagen blir alt for long, kva skal en då gjere? Om ein har avtala seinare, og fleire ting ein må gjere vert det fint lite tid til å slappe av før seinare. Så korleis kan ein slappe av utan å tape tid eller gløyme noko? Nokon som har eit tips til korleis ein skal slappe av i 10 minutt berre?

5. februar 2007

Skule og motivasjon?

Kvar ligg motivasjonen? Kva om ein lurer på kvifor ein valgte som ein gjorde og er lei av å lese og studere nettopp dette? Korleis skal ein få tilbake motivasjonen?

Eg føler no at min motivasjon er synkande angåande lesing og studering. Men det må faktisk berre gjerast for å kome seg gjennom eit heilt år, om ein vil få ståkarakter i alle faga sine. Eg har og oppdaga at å lese i eit stille rom heilt aleine hjelp på konsentrasjonen og ein får med seg det ein les mykje betre. Difor sit eg heller på ein lesesal enn ei stove eller klasserom og les.

Kva med dykk? Kvar og korleis liker dykk å lese?