Ca 3 veke igjen før eksamenstida er over oss alle, og dei aller fleste begynner vel å få litt eksamensnærva no. Alle innser at dei burde lest meir i løpet av året, kanskje fylgt litt betre med i timane og ikkje forsove seg alle dei dagane.
Eg har i alle fall meir enn nok å gjere har eg innsett no. Kan no lage ei lita liste til dykk her:
- Tre eksamenar, der eg må lese ca 4 bøker og ellers pugga masse tillegsstoff
- Ei semesteroppgåve som skal inn i ei mappe som skal vurderast til eksamen. Skal vere på ca 2500 ord, altså ca 5-6 side. Og eg har valgt tidenes mest sjølvtenkande problemstilling, hadde vore kult om eg ikkje hadde so mykje anna å tenke på samtidigt!
- Øve sjølvstendigt og prøve å ikkje falle tilbake til gamle synder og ikkje øve!
Det er likevel ikkje so vanskelig å lese og pugge har eg funne ut. Det er berre å sette seg ned og lage eit par reglar og fylge dei når ein sett seg ned. Mine reglar er ca som følger:
- Sette av en time eller to til å pugge
- Bruke pauser, gå litt, strekke litt, gjere noko anna, slik eg konsentrera meg meir etterpå!
- tenke positivt, det er kult å lære!
Ellers, korleis går eksamensforbredingane dine?
8. november 2006
Abonner på:
Innlegg (Atom)