15. desember 2006

Kvit jul?

Eg må seie moglegheitene for ei kvit jul synk litt no for tida, eller kanskje håpet om ei kvit jul. Det er berre noko med det at ein i Desember kan stå å lene seg opp mot vinden utan at ein trynar med regn og hagl i ansiktet som gjer at eg ikkje heilt føler den gode julestemninga. Er det rart?
Etter mi meining, kanskje. For her på Sunnmøre har det nesten blitt ein regel at ein ikkje skal forvente å sjå eit einaste snøfnugg før lille juleaften eller natta til juleaften. For då kjem vanlegvis snøen i store mengder, så får me ei kvit jul plutseleg, eller i alle fall ein kvit julekveld.

Så får me sjå, kjem dette til å hende i år også? Eg håper då det!